Grenda mi

No har eg snakka ein del om det å lengte og å lengte heim. Kvar er så heime? No skal eg ta deg med på ein liten tur rundt i den næraste delen av bygda mi, den som var mi verd dei første leveåra.

Bygda heiter Kyrkjebø, men på 50-talet var den langstrakte bygda langs nordsida av Sognefjorden inndelt i små grender . Mi grend heitte Austreim eller Austrheim – skrivemåten strides det om framleis.

Grenda i grenda heitte Vassbrekka og her låg det nokre hus. Husa var knytta til ein liten gard. Gardbrukaren selde tomter til dei som ville ha. Først kom det to hus midt nedi bakken, deretter kom det tre hus til litt høgre opp. Desse tre husa låg side om side og såg nokså like ut. Tre etasjar med kjellar, hovudetasje og loft. Alle hadde ark slik at hovudsoverommet vart stort og godt. Og for ein utsikt det var frå dette vindauget. Såg heile verda, fjorden og til dei ukjende naboane på andre sida av fjorden. Dei som vi berre hadde høyrt om og der vi skimta husa som små prikkar med grøne firkantar rundt.

I dei tre husa budde det familiar med born, 3 born, 4 born og 3 born + dei som budde på loftet i det midterste huset – dei hadde også 4 born. I dei andre to husa budde det eldre ektepar med vaksne og utflytta born. Vi som vaks opp i Vassbrekka var som ein stor søskenflokk og dei har vore av stor verdi gjennom heile livet.

På garden var det og 2 born og dei var også med i denne søskenflokken. Likeeins dei på Indre Austreim, dei i Bakken og dei på Rutlegarden. Slik var bygda delt opp i små einingar for kvar vesle grend hadde si avkøyrsle frå hovudvegen.  Eg meiner eg talde ein gong at det var 40 hus i bygda vår og eg hadde moro av å konkurrere med mamma om kven av oss som hadde vore inne i dei ulike husa. Eg trur eg vann, for vi  ungane var alle stader vi og gjekk til folk med og utan ærend.

Vi ungane gjekk til kvarandre og var alltid velkomne til både å sitte stille i ein krok eller å få sitte ved middagsbordet og få ein smak av kvardagsmaten dei hadde. Det var ofte dei med fleste born som var mest gjestfrie. Slik fekk eg smake mat vi ikkje hadde heime og det var alltid spennande og prøve noko nytt.

Neste gong skal eg fortelje om kva vi gjorde om vinteren, for det var verkeleg vintrar den gongen på 50-talet