Å lengte heim

Dette innlegget vart skrive i februar 2017. Eg er for lengst kommen heim, men deler gjerne dei tankane eg hadde den gong. Og ferda held fram….

Bygda mi ein våt romjulsdag i 2017

Korleis kan det ha seg at ei kvinne på 63 lengtar heim? Eit såpass langt liv burde vel vere etablert på ein stad der ein er heime? Men det er ikkje slik – ikkje for meg. Og kanskje heller ikkje for deg?

Når ein lengtar heim – så er det ikkje berre til ein stad, eit hus, ein familie, men kan like gjerne vere ein lengt i tid og rom, til opplevingar, til kjensler, ja, rett og slett å lengte heim til seg sjølv.

Kven er du eigentleg? Har du verkeleg funne deg sjølv – er du nøgd med livet ditt slik det har vore og slik det har blitt?

Alle desse spørsmåla vil eg freiste å finne svar på. Svar slik dei har komme til meg gjennom livet. Men og dei svara eg gjerne vil finne framover – herfrå og heim…

Vil du vere med på reisa mi heim?

Reisa vil ta deg tilbake i tid, men og vere ei skildring av dagane som går når eg no planlegg å flytte tilbake til der eg vaks opp. Etter snart 14 år på Austlandet, flyttar eg tilbake til barndomsheimen min og røtene mine – på Kyrkjebø.

Mange dører skal lukkast etter desse åra – det smerter. Samstundes ser eg fram til å opne nye dører. Nokre som eg kjenner, men også nye dører som eg ikkje veit kva skjuler.

Bli med du som er nyfiken – du som leitar etter noko du ikkje har funne i livet. Kanskje kan vi finne noko saman, noko vi kan dele og bli rikare av både du og eg.

Ver så god og ta plass – ferda startar no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *