OM MEG

 

Hei på deg!

Så koseleg at nettopp du har teke turen innom sida mi. Eg er ei snart 64 år gammal kvinne som lengtar heim – heim til Sogn. Har budd både i aust og vest, men røtene er ved Sognefjorden, mellom høge fjell med grøne lier der fjorden buktar og breier seg i både sol, vind og føyke.

No er tida inne for å reise heim og bli der. Har gjennom åra som har gått opplevd mykje på godt og vondt. Har reist ein del og har 44 års yrkeserfaring, dei siste 10 åra som sjølvstendig næringsdrivande som fotterapeut. Mykje arbeid både i heim og yrke har kravd sitt, men livsmotet og humøret har eg greidd å halde på. Evna til å sjå det gode i dei fleste og det vakre i det meste – det er eg glad eg kjenner at eg har.

Er så heldig å ha fire barn, to jenter og to gutar. Jentene har gitt meg tre barnebarn, to gutar og ei jente. Dette er den største skatten eg har. I tillegg eig eg eit hus i Sogn. Huset er like gammalt som meg, men eg held meg best…. trur eg.

Barndomsheimen er utgangspunktet for heimlengten min, men det å lengte handlar om så mykje meir. Det er det eg vil skrive om i bloggen min – i tillegg til mykje anna frå yrkeslivet, reiselivet, livet på smale og breie stiar. Vil du vere med så er du hjarteleg velkommen.

Helsing frå

Sissel Tove Litzheim

20161211_000255