Stagnasjon

Det har gått lang tid, ei tid eg eigentleg ikkje har. Ei tid der kreftene sakte, sakte vert mindre og mindre.

Draumen eg har, når skal eg realisere den?

Alle mine draumar har gått opp i å gjere andre ting. Prokrastinering? Tja, på ein måte, men ikkje heilt.

Det eg har brukt tida på har og gitt meg mykje, men ikkje nok. Det veit eg når eg kjenner på eit tomrom inni mi kreative sjel.

Rommet har golv og panelte veggar, men er ikkje møblert. Dei få møblane som er der står hulter til bulter.