Kjemperedd

Fy flate så nervøs eg er. No skal eg endeleg ta steget og publisere mitt første blogginnlegg. Hjartebanken er på plass, kaldsvetten likeså. Kva vil verda seie? Kva vil venner og familie seie? Kva vil naboen seie? Kva vil du seie?

Men i alle dagar, kva er det eg er så nervøs for? Er det den alltid like gjennomtrengande kjensla av å ikkje vere god nok? Kjenner du deg igjen? I så fall er vi to, kanskje fleire….

Eg lengtar heim. Så enkelt er det – og så vanskeleg. Kva skjer med eit menneske som lengtar heim? Eit sug i magen som alltid er til stades. Noko som manglar. Noko som gir uro, ei uro utan klartekst. Min lengt handlar om å finne røtene mine, å finne meg sjølv, å finne det som eg ein gong lengta bort frå. Det er som å få spegelen sett opp for meg, den som seier: Kva var det du stressa med då du ville ut? Det er jo her du høyrer heime.

Så måtte eg altså ut på ei lang ferd før eg skjønte det. Forresten det blei to lange reiser før eg forsto kva røter har å seie. Men det som eg også lengta mot var dei menneska eg forlot, også dei som ikkje er meir. Men eg har minner, mange minner og dei vil eg gjerne også dele med deg. Kanskje kjenner du som eg, at det er noko som manglar i livet. Ein liten tråd, nokre kors-sting på livsbroderiet.

 

Snart er tida inne til at eg tek det avgjerande steget – tilbake til det som var og som ikkje er lenger. Denne gong skal eg skape det sjølv, for meg sjølv og for dei som kjem etter meg. Eg ønskjer og å skape det magiske for nettopp deg som også lengtar og som har så mykje du vil dele av minner og erfaringar.

Eg vil sjå attende med glede og vemod.

Eg vil sjå framover i håp om ein god alderdom der eg kan vere noko for dei eg er glad i. Men først og fremst vil eg freiste å leve her og no – det har eg ikkje vore flink til før.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *