HALLOWEEN

Det er to dagar sidan halloween, ein tradisjon som er nokså ukjend for meg. Det er borna og dei yngre som med stor skremme-iver har trykt denne amerikanske tradisjonen til sitt bryst. Og kva gjer ikkje foreldre og besteforeldre når dei små har lyst til å kle seg ut som hekser og alskens monster? Jau, dei kjøper kostyme, sminke og heslege effektar for at deira små englebarn skal sjå verst mogeleg ut. Men berre denne eine dagen i året.

Kva er eigentleg halloween? Her heime kjenner vi denne markeringa som  allehelgensaften, ein kveld vi skal minnast våre kjære som har gått bort. For meg er det ein kveld der minnene kan komme, gode og mindre gode, tenne eit lys for dei vi saknar og be for deira sjeler, takke for det dei var for oss.

 

Så har dette vare og fine vorte til eit skremselstablå, der dei skjønne små kler seg ut som det verst tenkjelege. Det same gjer dei litt eldre borna og nokre trur dei kan tillate seg å grise til og lage spetakkel langt ut over det akseptable.

Vel er det så farleg det då? Litt uskuldig moro ein kveld i året?

Nei, det er kanskje ikkje det, men eg saknar den vesle tråden tilbake til dei som ikkje er meir, dei som betydde noko for oss, som var viktige i liva våre…. og som truleg ikkje er korkje skrømt eller monster.

Kva skjer så, når ei bestemor ser at dei små gler seg og gjer seg flid med kostymer og skremmande miner? Jau, eg smeltar som smør. Sjølv om eg ikkje er samd i sjølve bodskapen i halloween-feiringa, slik ho er vorta i dag, så klarer eg ikkje å skuffe dei små.

Mine eigne bur ikkje så nær at eg kan glede dei, men eg har fleire små i nabolaget. Eg veit at dei ville komme på døra. Tidlegare har eg gløymt heile feiringa, men i år hugsa eg det. Så hadde det seg slik at eg vart beden bort på middag denne kvelden. Uff, så leit, tenkte eg, men då får eg lage ein vri.

Fatet med all spøkelses-sjokoladen vart delt opp i små pakkar og lagt i ein pose. Posen vart hengt på døra og over hengte eg opp ein plakat med ei helsing til dei små monstera.

Spent kom eg heim og fann at posen var borte. Det var kjekt, for då visste eg at nokon hadde vore der og fått ei lita overrasking i form av knask. Det var mitt vesle knep denne allehelgenskvelden.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *