Allehelgensdag

4. november var eg i kyrkja. Det er ikkje kvar sundag eg er det. Forresten så er det ikkje gudsteneste kvar sundag heller. Men eg høyrer ofte på preika i radioen.

Kvifor fekk eg slik hug til å gå nett i dag? Jau, det er allehelgenssundag, den dagen kyrkja heidrar minnet om dei som har gått bort. Noko sa meg at eg skulle til kyrkje i dag.

Eg fekk det eg kom for og meir til. Det vart svært kjenslemessig å vere der, høyre bodskapen om at vi alle er ljos og salt på jorda. At vi alle kan gjere vårt for å gjere livet så godt som mogeleg; for oss sjølve, for våre omgjevnader og for Gud.

Å gå til nattverd var noko eg ikkje våga før. Eg trudde eg måtte vere ein slik kristen som alle visste om og at eg gjekk regelmessig i kyrkja. I dag veit eg at det kjem innanfrå, at kjensla av å ville vere nær Jesus er det som betyr noko. Det var difor rett for meg i dag å gå til alters og tenne ljos i globen etterpå. Slik heidra eg minnet til alle mine kjære som ligg gravlagde på kyrkjegarden utanfor.

At fleire av salmene var dei mamma sang for meg då eg var lita, gjorde lengten til det som var og minnene om mamma og pappa ekstra sterke. Tårer rann og freden kom i hjartet mitt.

Ettermiddagsturen med min trufaste turvenn, Tussi, vart difor prega av takksemd. Å gå ute ein dunkel ettermiddag i november, sjå det vakre pastelljoset, kjenne den milde brisen og nyte synet av fjorden, fjella og den fredfulle bygda. Bygda som ligg der så trygg med minne om dei som budde her. Nokre hus er tomme, andre har fått nye eigarar, atter andre vernar om dei som har vore her i alle år. Også mitt hus, som tok i mot meg igjen etter mange år.